Lunsj & Likes: Bli sjef på Instagram - kurs 2

Dato:
27
.
05
.
2026
Klokka:
12:00
Stad:

Vil du ta Instagram-innhaldet til bedrifta di eitt steg vidare?


I del 2 av Lunsj & Likes kjem fotograf og influensar Anne Marthe Widvey tilbake med meir inspirasjon, fleire konkrete tips og endå meir praktisk innsikt i korleis du kan skape innhald som gir synlegheit og engasjement.

Her får du mellom anna lære meir om:

  • Korleis lage godt innhald til sosiale medium
  • Korleis auke synlegheit og engasjement på Instagram
  • Redigeringsverktøy og korleis bruke dei
  • Korleis lage gode stories
  • Kva slags bilete og videoar som eignar seg best i sosiale medium
  • Korleis lukkast betre med Instagram i praksis

Kurset passar for bedrifter som vil jobbe meir målretta med Instagram og også for dei som vil byggje vidare på det ein lærte i kurs 1.

Me serverer lunsj undervegs!

Tid og stad: Onsdag 27. mai, kl 1200 - ca 1430, Næringshagen i Ryfylke, Sand.

Deltakaravgift: Kr 1200 per person, inkl lunsj. Målbedrifter i Næringshagen i Ryfylke får 50 % rabatt.

Påmelding gjer du nedanfor, og innan 25. mai.

PÅMELDING

Merk! Få gjerne med deg begge kursa med Anne Marthe Widvey denne våren. Del 1 er 16. april. Kursa har kvar si påmeldingslenke. Fekk du ikkje med deg del 1, er det likevel fullt mogleg og overkommeleg å melde seg på dette!

Ta kontakt for meir info og påmelding
Ta kontakt for meir info og påmelding

Teneste

No items found.

Aktuelt

No items found.

Prosjekt

No items found.

Andre kurs og arrangement

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.