
Medvind Næringshage set opp nytt leiarutviklingsprogram med Human som kurshaldar. Første samling blir gjennomført 19. og 20.mai.
LED+ bygger på ein metode som skil seg frå tradisjonelle leiarkurs og program som er standardiserte og like for alle. LED byggjer på ein metodikk der deltakarane arbeider med tema som er aktuelle og motiverande for den einskilde.
Human sitt leiarutviklingsprogram LED+ inneheld 5 fellessamlingar, med åtte individuelle samtalar mellom samlingane. Kurset startar opp 19. mai 2026. Alle samlingane blir haldne i Vindafjord frå kl. 09:00 – 15:30.
Dette programmet er for tilsette med ulik leiarerfaring og i ulike leiarposisjonar, eller med plan om å gå inn i ei leiarrolle. LED+ byggjer på individuell tilpassing som eit kriterium for å skape rom for utvikling.
Alle leiarar er ulike og har ulike utfordringar.
Gjennomgåande er det eit poeng at den einskilde leiaren skal få arbeide med sine unike utfordringar og moglegheiter. Desse vil variere med både personlegdomen til deltakaren og krava i stillinga. Ved oppstart gjennomfører me ei 360°-evaluering av leiaren i organisasjonen. Målet med dette er at den einskilde leiaren skal få hjelp av gode kollegaer til å setje sine individuelle utviklingsmål.
Etter dei første samtalane vil det bli etablert individuelle utviklingsmål. Desse måla er personlege og vil fungere som ei rettesnor for den individuelle prosessen. Me nyttar anerkjente og DNV-sertifiserte arbeidspsykologiske testar for å hjelpe den einskilde leiaren til sjølvinnsikt og kjennskap til eigne ressursar.
I tillegg skal det gjennomførast åtte individuelle samtalar med kvar einskild deltakar.
Pris: Maks 78 000,- per person (kostnader knytt til mat og overnatting for samling på Nesheimstunet kjem i tillegg)
Målbedrifter i NHR får 30 % rabatt på kurskostnaden.
Løpande påmelding fram til kursstart (bindande påmelding!)
Ta kontakt for info og påmelding: post@nhryfylke.no




.png)








.png)
.jpeg)
.png)
