Destinasjonsselskapa har teke steget frå å vere marknadsførarar til å bli nøkkelspelarar i stadutvikling, besøksforvalting og grøn omstilling. Samstundes sit kommunane med makta over areal, infrastruktur og rammevilkår. Spørsmålet er: korleis kan me spele kvarandre gode – og kva blir eigentleg rolla til destinasjonsselskapa og kommunane i reiselivet i framtida?
Velkomen til VertsKommunen 2025 – den nasjonale konferansen for det lokale reiselivet, der me lyfter fram satsingar og arbeid på tvers av reisemål og lokalsamfunn som er med på å skape framtidas reiseliv.
Tid: 4. november kl. 08:30–11:00
Stad: Digitalt
Pris: Gratis
Alle som sit i ei destinasjonsleiing, eller er engasjert i reisemålsutviklinga i sitt lokalsamfunn. Fleire reisemål samlar òg si destinasjonsleiing slik at samlinga blir starten på ein fagdag for ditt reisemål.
Dette er ikkje ein konferanse for lange foredrag og festtalar. Dette er arenaen for ærlege diskusjonar, praktiske løysingar og nye perspektiv – rett frå dei som formar reiselivet akkurat no.
Du melder deg på ved å fylle ut dette skjemaet.
Del gjerne vidare!