
Dette er samling 3 av 4 (tysdag 2. mars 2027). Påmeldinga gjeld heile kurset, alle fire samlingane.
No set vi det saman: du byggjer ein arbeidsflyt for prosessen du valde. Vi ser på korleis du lagar eigne assistentar (Custom GPT eller Claude Projects), og korleis du kvalitetssikrar det KI lagar.
Agendaen er retningsgivande og kan bli justert etter behovet i gruppa.
Næringshagen i Ryfylke tilbyr eit praktisk kurs i bruk av kunstig intelligens (KI) for bedrifter. Over fire samlingar testar du KI-verktøy på eigne oppgåver, og du får hjelp til å finne prosessar i bedrifta der KI kan gjere kvardagen enklare.
Bedrifter som vil ta i bruk KI på ein praktisk måte. Kurset har maks 10 plassar.
Tenk gjennom kva oppgåver i bedrifta som tek mykje tid, eller som du gjerne vil gjere enklare.
Mellom samlingane får kvar bedrift oppfølging og hjelp til å finne prosessar å bruke KI på. Oppfølgingssamling tysdag 27. april 2027.
Eigen berbar PC og tilgang til ChatGPT eller Claude.
Kl. 09:00–13:00 kvar samling, inkludert lunsj. Næringsparken, Garaneset, Sand.
15 000 kr eks. mva. per bedrift.
Er verksemda di målbedrift hos oss, kan du få inntil 50 % dekt gjennom innovasjonsstøtta frå næringshagen. Ta kontakt med oss før du melder deg på.
Påmelding til Alf Aadnøy på alf@nhryfylke.no. Maks 10 plassar.
Har du spørsmål om kurset, kan du kontakte Alf Aadnøy på alf@nhryfylke.no eller 905 66 358.











.jpg)
