Mann med brett med røyklaks
Foto: Mikals Laks

Mikals Laks - Norgesmeisterane på Skiftun

Mikals Laks er Ryfylke sitt heilt eige, familieeigde røykeri. Arbeidet som eigentleg starta som ein hobby har vunne ei rekke prisar for sine produkt som har fokus på kvalitet og naturlege råstoff.

Mikals Laks, har ei lang fiske og foredlings-historie å sjå tilbake på. Tidlegare generasjonar i familien Viga har alle levd av sjøen og drive med røyking av fisk. Innehavar Mikal O. Viga var sjølv to og eit halvt år fyrste gong han var med på brislingfiske i Jøsenfjorden, og då han, som ung,  jobba for familien sitt oppdrettsselskap – Kroken Fisk AS – fekk han løna si i laks.

Sjølve røykeriet starta som ein hobby for Mikal. Fisken vart foredla etter gamle oppskrifter og handverkstradisjonar, slik som den blir den dag i dag. Men då ordrane etter kvart auka til over 1000 kg og laksen blei stoppa på grensa til Sveits innsåg Mikal at hobbyen ikkje lenger berre var hobby. Då tok han steget og satsa seriøst på vidareforedling. Noko me vågar å seia var eit smart steg å ta, seier Mikal.

Mikals Laks AS blei etablert 5. april 2000 og er i dag eit familieeigd røykeri som produserer røykt og grava laks av høg kvalitet til matbevisste kundar. Bedrifta held til på Skiftun i Hjelmeland kommune i moderne produksjonslokale. Dei legg stor vekt på sporbarheit i alle ledd og nyttar seg kun av råvarer med god kvalitet. I produkta har dei også fokus på naturlege råstoff som einer, bøkespon, havsalt og sukker. Dette gir eit sluttprodukt gourmet-kokkar verdig.

Seinast i 2021 vann familiebedrifta to NM-gull og eit NM-sølv for kaldrøyka laks og kaldrøyka ørret.  Stolte som me er av denne målbedrifta gir me deg her ei (førebels) liste over alle prisar og utmerkingar dei har motteke for kvaliteten på produkta deira;

  • 2021 NM-gull, kaldrøykt laks
  • 2021 NM-gull, kaldrøykt ørret
  • 2021 NM-sølv, varmrøykt laks
  • Vinner av Det Norske Måltid 2019 – Absolut Tradisjon
  • 2019 NM-gull, kaldrøykt – Absolut Tradisjon
  • 2019 NM-sølv, kaldrøykt – Vill laks
  • 2019 NM-bronse, varmrøykt laks
  • 2019 NM-bronse, kaldrøykt ørret
  • 2019 NM-bronse, åpen klasse
  • 2017 NM-gull, kaldrøykt
  • 2017 NM-sølv, varmrøykt
  • 2017 NM-sølv, åpen klasse, pepperrot og dillmarinert
  • 2015 NM-gull, varmrøykt
  • 2015 NM-sølv, kaldrøykt
  • 2013 NM-gull i åpen klasse, kaldrøykt pepperlaks
  • 2013 NM-sølv, varmrøykt
  • 2011 NM-gull, varmrøykt
  • 2010 Fylkesvinner i Rogaland DET NORSKE MÅLTID
  • 2009 NM-gull, sølv og bronse, røykt og gravet laks
  • 2008 Coop Matpris
  • 2006 Matprisen GLADMAT
  • Matmerket Spesialitet

Hovudprodukta deira i dag er einerrøykt laks, varmrøykt laks, einerrøykt aure, akevitt marinert laks og cognac-marinert laks. Forutan hovudmarknaden i Noreg eksporterer dei  til mange land som mellom anna Tyskland, Sveits, Luxembourg, Frankrike og Østerrike og har også leveransar til Asia.

Ønskjer du å ta eit besøk til røykeriet for å få tak i desse gode og lokale produkta held dei ope på Hjelmeland alle kvardagar frå 08.00-15.30.

Kontakt

No items found.

Kurs og arrangement

No items found.

Teneste

No items found.
Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.