Vekstprogram Marked

Dato:
03
.
06
.
2026
Klokka:
21:00
Stad:

Vekstprogram Marked - frå strategi til sal

Næringshagane i Rogaland inviterer til eit nytt vekstprogram for små og mellomstore bedrifter som vil styrkje marknadsposisjonen sin og skape vekst.

Gjennom fire samlingar får du praktisk hjelp til å forstå kundane dine betre, nå ut i marknaden og lage ein strategi som fungerer.

Gjennom programmet får du:

  • Innsikt i kven kundane dine er, kva dei treng og korleis du kan vekse i nye marknader
  • Hjelp til å spisse forretningsmodellen og skilje deg ut frå konkurrentane
  • Konkrete råd om sal og marknadsføring – både digitalt og tradisjonelt
  • Praktiske verktøy for å utvikle ein realistisk marknads- og vekstplan
  • Individuell oppfølging frå forretningsutviklarane i Næringshagen

Programmet består av fire samlingar:

  • Marknadsforståing, strategi og leiing
  • Forretningsmodell og posisjonering
  • Marknadsstrategi og sal i praksis
  • Presentasjon og implementering

Programmet kombinerer strategi og praksis – frå posisjonering og marknadsplan til sal, digitale kanalar og implementering.

Resultatet er ein konkret marknads- og vekstplan som gir bedrifta eit tydeleg grunnlag for vidare lønsam utvikling.

Du møter andre leiarar som deler erfaringar og utfordringar – og saman utviklar de løysingar som kan skape ny vekst.

Målet er at du skal sitje att med ein ferdig plan som gir retning for vidare utvikling i di bedrift.

Oppstart: våren 2026, med om lag éi samling i månaden


Pris: 40.000,- per bedrift, der 1–3 deltakarar kan vere med (for målbedrifter som er deltakarar i Næringshageprogrammet er prisen 10.000,-)

Ta kontakt for meir info og påmelding
Ta kontakt for meir info og påmelding

Teneste

No items found.

Aktuelt

No items found.

Prosjekt

No items found.

Andre kurs og arrangement

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.