Gardsgründer - nye moglegheiter på eigen gard

Dato:
28
.
01
.
2026
Klokka:
21:00
Stad:

I januar startar Næringshagane i Rogaland prosjektet Gardsgründer. Saman med andre bønder, fagfolk og rådgivarar utforskar me korleis garden kan få fleire bein å stå på gjennom tileggsnæringar som passar akkurat di gardsdrift.

‍

Kven passar programmet for?

Bønder som ønskjer å utvikla eller vidareutvikla garden og/eller tileggsnæringar - for eksempel foredling, utleige, handverkstenester, gardsturisme, aktivitetstilbod eller ein grønare produksjon. Målet er å gi deg struktur, støtte og nettverk til å ta neste steg.

‍

Dette får du

  • Verktøy for å uvikla lønnsame tileggsnæringar
  • hjelp til å kartleggje og vurdere nye marknader
  • innføring i økonomi, budsettering og prissetting
  • Personleg rettleiing som tek utgangspunkt i garden din
  • innføring i aktuelle støtteordningar og finansieringsmoglegheiter
  • Inntil 8 timar individuell rådgiving frå næringshagen sine forretningsutviklarar
  • Eit nettverk av bonder i same situasjon - deling av erfaringar og samarbeid

Målet med programmet

Hovudmålet er å gi bonden kunnskap og nettverk for å skape nye inntektsstraumar, styrke lokal verdiskaping og sikre god øknomi. Erfaringar frå andre regionar viser at små midlar, godt samarbeid og praktiske verktøy gir varige resultat.

‍

Praktisk info

  • Periode: Januar-april 2026 (3 fysiske samlingar + individuell oppfølging)
  • Eigenandel:  Kr 6.000,- (inkl 3 samlingar, og inntil 8 timar rådgiving)
  • Frist for å melde interesse: 5. januar 2026

‍

Kontakt oss gjerne om du har spørsmål eller meld interesse her

‍

‍

Ta kontakt for meir info og påmelding
Ta kontakt for meir info og påmelding

Teneste

Aktuelt

No items found.

Prosjekt

No items found.

Andre kurs og arrangement

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.