Rekruttering i Suldal - nye moglegheiter og løysingar for framtida

Dato:
13
.
03
.
2025
Klokka:
8:15
Stad:

Bli med på frukostmøte om rekruttering!

Tid: Torsdag 13. mars kl 0815-1000

Stad: Sandsvegen 134, Sand, 2. et - møterom Storvassdammen

Har di bedrift utfordringar med å finne rett kompetanse? Er du nysgjerrig på korleis mangfald og inkludering kan styrke arbeidsplassen din?

Me inviterer næringslivet til eit inspirerande og nyttig frukostmøte der me set søkelys på rekruttering i Suldal – både moglegheiter, utfordringar og nye løysingar.

NAV og Introsenteret gir innsikt i sysselsetting av flyktningar:

Suldal har busett rekordmange flyktningar dei siste åra, og mange av desse står klare til å ta del i arbeidslivet. Det blir lagt til rette for kvalifisering og opplæring, men for at fleire skal kunne gå over i arbeid, er tett samarbeid med næringslivet avgjerande. Korleis kan di bedrift spele ei rolle?

  • Korleis kan di bedrift bidra og dra nytte av desse ressursane?
  • Kva verktøy og støtteordningar finst?
  • Korleis kan ein jobbe saman for å sikre god integrering og målretta norskopplæring?

Suldal kommune deler innsikt i ein heilskapleg rekrutteringsplan for både privat og offentleg sektor:

Målet er å utvikle nye strategiar som gjer rekruttering enklare og meir engasjerande for næringslivet.

  • Kva nye grep kan gjerast for å sikre god tilgang på kompetanse i framtida?
  • Kva må til for å gjere rekruttering enklare og meir engasjerande?
  • Kva tankar og idear har næringslivet?

Dette er ein gyllen sjanse til å få ny kunnskap, stille spørsmål og påverke framtidig arbeid med rekruttering i kommunen.

Frukosten blir servert frå kl 0815.

Fagleg program og dialog frå kl 08.30-1000.

Arrangementet er gratis!

Me treng påmelding for å kunne servere deg frukost og det gjer du ved å sende ei melding til: post@nhryfylke.no

Velkommen!

Ta kontakt for meir info og påmelding
Ta kontakt for meir info og påmelding

Teneste

No items found.

Aktuelt

No items found.

Prosjekt

No items found.

Andre kurs og arrangement

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.