Kl. 09.00 -10.00
Ønskjer di bedrift å vekse utanfor den marknaden de allereie er i? Det kan vera nye geografiske område eller andre type kundar i Noreg – eller til og med eksportmoglegheiter internasjonalt? I dette webinaret utforskar me vegen frå å vera ein lokal aktør til nye marknader.
Martin Olsen er internasjonaliseringsrådgjevar i Innovasjon Norge, og vil fortelje oss kva spørsmål bedrifta bør stille seg, før den tek sikte på å utvide til nye marknader.
I dette webinaret vil Martin fokusere på følgjande problemstillingar:
• Kva er ein ny marknad, korleis finne det beste for bedrifta?
•Har bedrifta produktet som trengs, eller må det utviklast?
• Har bedrifta ressursane internt, eller kva må til for å komme seg dit?
Målet med webinaret er å sette i gong viktige tankeprosessar– slik at du som deltakar får eit betre grunnlag for å vurdere om, når og korleis det kan vera rett å ta steget inn i nye marknader.
Pris:
Målbedrift: GRATIS
Andre: 400,-
Meld deg på til post@nhryfylke.no og få tilsendt lenke til webinaret!