
Korleis leiar vi i ei tid der endring er den nye normalen?
Behovet for gode leiarar har aldri vore større. Samtidig står mange overfor dei same utfordringane: å skape retning i endring, byggje sterke team, møte nye generasjonar og finne balansen mellomresultat, relasjonar og eiga utvikling.
Difor etablerer me no ein møteplass der leiarar frå ulike bransjar og verksemder kanmøtast for å lære, dele erfaringar, utfordre kvarandre og utvikle seg saman.
Dette er meir enn eit kurs eller ei rekkje enkeltståande foredrag. Ambisjonen er å byggje eit langsiktig fellesskap for leiarutvikling, der innhald og retning blir forma i takt med behova til deltakarane.
Første steg: Leiarutviklingsprogram hausten 2026
Programmet består av fire samlingar gjennom hausten. Mellom samlingane får deltakarane tid til å omsetje innsikt til praksis, prøve ut nye perspektiv og ta med seg erfaringar tilbake til neste samling.
Gjennom hausten vil me blant annautforske tema som:
🔹 Leiing i endring og framtid
🔹Korleis leie nye generasjonar
🔹Sjølvleiing og personleg utvikling
🔹Organisasjonspsykologi i praksis
🔹Teamutvikling og kulturbygging
🔹Kommunikasjon som skaper tillit og retning
🔹Nærvær og leiarskap i kvardagen
Målet er å gi deltakarane:
✔ Faglegpåfyll og nye perspektiv
✔ Konkreteverktøy som kan takast ibruk frå første dag
✔ Refleksjonog erfaringsutveksling med andre leiarar
✔ Eitverdifullt nettverk på tvers av bransjar og verksemder
Tysdag 13. oktober – Leiing i endring og usikkerheit
Framtidas arbeidsliv treng leiarar som er tydelege,empatiske og nysgjerrige medmenneske. Me arbeider med endringsleiing, menneskelege eigenskapar og korleis deltakarane kan ta med seg læringa vidare inn i eigen kvardag og møte framtida med tryggleik, innsikt og handlekraft.
Tema:
- Leiing i endring og usikkerheit
- Kvifor menneske reagerer ulikt på endringar
- Kommunikasjon som skaperretning og tryggleik
- Menneskelege ferdigheiter i framtidas arbeidsliv
- Korleis leie nye generasjonar
- Leiing av menneske med ulike behov
Tysdag 10. november - Kva vil det seie å vera leiar i dag?
Me arbeider med leiarrolla, ansvar, forventingar og sjølvleiing. Deltakarane får høve til å reflektere over sin eigen leiarkvardag – kva som tek tid og energi, og kva dei treng å vere tydelegare på.
Tema:
- Leiarrolla, ansvar og forventingar
- Sjølvleiing, prioritering og tidsbruk
- Delegering og grensesetjing
- Korleis unngå å bli einflaskehals
- Verdibasertleiing
- Kven er eg som leiar?
Tysdag 8. desember – Organisasjonspsykologi, team og kultur
Gode team og ein sterk kultur kjem ikkje av seg sjølve. Dei blir bygde gjennom tillit, tydelegheit og god kommunikasjon i kvardagen. På denne samlinga abeider me med kva som kjenneteiknar velfungerande team og ein god organisasjonskultur, korleis leiarar kan skape tryggleik, og korleis møte kan bli betre arenaer for dialog, involvering og gode avgjerder.
Tema:
- Innføringi organisasjonspsykologi
- Kva som kjenneteiknar godeteam
- Kulturbygging
- Psykologisktryggleik i praksis
- Tillit,ansvar og samspel
Tysdag 12. januar – Møtekultur,tilbakemeldingar, forventingar og krevjande samtalar
Mange leiarar veit kva dei burde seie, men utset den vanskelege samtalen. I denne samlinga arbeider me med korleis ein kan byggje ein god tilbakemeldingskultur, avklare forventningar og vere tydeleg utan å miste varme.
Tema:
- Møtekulturog kvardagskommunikasjon
- Kvifor tilbakemeldingar ofteblir vanskelege
- Tydelegheitmed empati
- Forventningsavklaring
- Samtalar leiarar ofte utset – tidleg,tydeleg og trygt
- Viktigheita av at leiaren ertil stades og nærverande (mindfulness)
Samlingane blir gjennomførte med om lag ein månads mellomrom, slik at deltakarane får tid til å arbeide med eigne utfordringar, prøve ut nye verktøy og dele erfaringar med nettverket undervegs.
Årets førelesar og leiarutviklar
Gjennom heile haust/vinter vil deltakarane bli følgde av Synneva Erland, ein erfaren leiarutviklar, foredragshaldarog formidlingstrenar med meir enn 15 års erfaring.
Ho har arbeidd med alt frå toppleiarar ietablerte verksemder til gründerar og vekstselskap, både nasjonalt oginternasjonalt. Synneva er kjend for å kombinere forskingsbasert innsikt medpraktiske verktøy og ei formidling som skaper engasjement og refleksjon.
Pris og finansiering
Pris for heile programmet: kr 30 000,- per deltakar.
For bedrifter som er kvalifiserte som målbedrifter, kan det gis innovasjonsstøtte.
Påmelding og kontakt
Ønskjer du å vere med på å byggje eit sterkt leiarfellesskap i Ryfylke, eller ønskjer du meir informasjon om programmet, er du velkomen til å ta kontakt.
Talet på plassar er avgrensa, og me ønskjer å samle ei gruppe leiarar som er motiverte for å lære, dele erfaringar og utvikle seg saman gjennom året.
For spørsmål eller påmelding, ta gjerne kontakt på: alf@nhryfylke.no eller vanja@nhryfylke.no.
Velkomen til ein arena for læring, utvikling og fellesskap!




.png)
.jpg)

