.png)
Tysdag 1. desember 2026, kl. 09:00–10:00
Tener bedrifta eigentleg pengar på prosjekta sine? Det kan vere vanskelegare å svare på enn ein skulle tru. Eit godt resultat krev ikkje berre gode prosjekt. Det krev òg kontroll på timar, kostnadar, inntekter og avvik undervegs.
I dette webinaret ser vi på korleis prosjektrekneskap kan brukast for å få betre kontroll på økonomien i prosjektet. Gjennom praktiske døme ser vi mellom anna på prosjektbudsjettering, timefangst, økonomisk oppfølging og avvikshandtering. Vi tek for oss nokre av dei største fallgruvene i prosjektrekneskap, og kva ein bør gjere når kostnadane er annleis enn venta.
Med oss har vi spesialrådgivar Christian August Buchholdt frå SpareBank 1 Regnskapshuset SMN AS.
Med gode rutinar for prosjektrekneskap blir det enklare å vite kva prosjekt som faktisk er lønsame, kor marginane forsvinn, og kor det er behov for å gjere justeringar.
Sendinga er òg tilgjengeleg som opptak til og med 1. januar 2027.
Meld deg på til post@nhryfylke.no og få tilsendt lenke til webinaret!









.png)


