Rekordresultat for Suldal som berekraftig reisemål

Suldal er godkjend for ein ny periode i Merket for berekraftig reisemål. Med 98,4 prosent måloppnåing er dette det høgaste remerkingsresultatet i den nasjonale ordninga til no.

Merket for berekraftig reisemål er ei nasjonal merkeordning eigd og driven av Innovasjon Norge. Ordninga skal hjelpe reisemål med å arbeide langsiktig og systematisk med berekraftig reisemålsutvikling.

Bak resultatet i Suldal ligg fleire år med arbeid og samarbeid mellom reiselivsnæringa, kommunen, frivilligheita, næringsapparatet og lokalsamfunnet.

Kontrollør Jan Erik Dietrichson omtalar leveransen som «svært solid» og peikar særleg på tydeleg politisk og administrativ forankring, brei oppslutnad i reiselivsnæringa og god samhandling mellom kommune, næringsapparat, bedrifter og frivilligheit.

– Me er skikkeleg stolte av dette resultatet. Det er lagt ned svært mykje arbeid i remerkingsprosessen, der me har hatt ansvar for å samle, dokumentere og synleggjere alt det gode arbeidet som skjer i Suldal. Men ein kan ikkje dokumentere seg til eit slikt resultat utan at det faktisk ligg mykje godt arbeid bak. Og det gjer det – hjå bedriftene, i kommunen, blant frivillige, i næringshagen og hjå mange andre. Det er summen av dette som gjer resultatet så sterkt, seier Laila Steine, dagleg leiar i Næringshagen i Ryfylke og ansvarleg for Visit Suldal.

Næringshagen i Ryfylke har hatt den strategiske og operative rolla i destinasjonsarbeidet og oppfølginga av merkeordninga.

Langsiktig arbeid gir lokal verdiskaping

Ordførar Mads Drange meiner resultatet stadfestar verdien av langsiktig samarbeid.

– Det sterke resultatet er ei flott stadfesting av det langsiktige arbeidet som blir gjort i Suldal. Reiselivet er ein viktig del av den lokale verdiskapinga og utviklinga, og dette viser kva me får til når næringsliv, kommune og lokalsamfunn arbeider godt saman over tid, seier Mads Drange.

‍

Også reiselivsnæringa ser resultatet som eit godt utgangspunkt for vidare utvikling.

Per Kristian Djuvsland

– For oss i reiselivet er det særleg gledeleg at kontrolløren trekkjer fram satsinga på lokalmat og lokale verdikjeder, utviklinga av gode opplevingar og samarbeidet om tilrettelegging og besøksforvaltning. No handlar det om å bruke dette som grunnlag for vidare utvikling – med fleire gjester gjennom større delar av året, sterkare sesongar og auka verdiskaping for reiselivsbedriftene og lokalsamfunnet. Samtidig må me bli tydelegare i den digitale kommunikasjonen og flinkare til å nå dei gjestene som passar til kvalitetane og opplevingane Suldal vil vere kjend for, seier Per Kristian Djuvsland, leiar i reiselivsgruppa i Suldal Næringsforening og hotelldirektør ved Ryfylke Fjordhotell.

Døme på særleg god praksis

Kontrolløren løftar fram fleire konkrete satsingar i Suldal.

Eitt av områda er lokalmat og lokale verdikjeder, med tett oppfølging av små produsentar og utvikling av opplevingar der produksjon, foredling og servering blir kopla saman.

For Hebnes vingard handlar dette også om konkrete moglegheiter for å utvikle bedrifta vidare.

– For oss handlar lokalmat og lokal drikke om å skape meir verdi rundt det me produserer. Me vil nå fleire gjester, utvikle opplevingane våre og skape meir aktivitet gjennom året. Samarbeid med andre aktørar opnar dører me ikkje ville klart å opne åleine, og gir oss eit betre grunnlag for å utvikle vingarden vidare, seier Toyni Tobekk og Arild Hebnes ved Hebnes vingard.

Arild Hebnes og Toyni Tobekk

Også arbeidet med Hellandsnuten, eit populært turmål i Suldal, blir trekt fram. Turstien er oppgradert gjennom eit breitt samarbeid mellom kommunen, næringsapparatet, grunneigarar, frivillige og sherpaer. Fylkeskommunen og sparebankstiftingar har også bidrege med viktig finansiering. Målet har vore betre tilrettelegging, mindre slitasje på terrenget og auka lokal verdiskaping.

Kontrolløren peikar også på den strategiske forankringa av reiselivet gjennom Drivkraft 2030, integreringa i den strategiske næringsplanen og økonomiske midlar til konkrete tiltak.

Eit resultat som skil seg ut

Kontrollør Jan Erik Dietrichson meiner særleg den breie forankringa og evna til å omsetje samarbeid til konkrete resultat skil Suldal ut.

– Suldal har levert eit svært solid remerkingsarbeid, med ein av dei høgaste totalscorane som er oppnådde sidan Merket for berekraftig reisemål blei lansert i 2013. Det som særleg utmerkjer seg, er den breie forankringa og evna til å omsetje samarbeid mellom kommune, næringsliv og frivilligheit til konkrete resultat – frå oppgraderinga av Hellandsnuten til satsinga på lokalmat og besøksforvaltning. Dette gir eit svært godt grunnlag for den vidare utviklinga av Suldal som eit endå meir berekraftig reisemål, seier Jan Erik Dietrichson, kontrollør for Merket for berekraftig reisemål.

‍

Jan Erik Dietrichson

Arbeidet held fram

Eit høgt resultat betyr ikkje at arbeidet er ferdig.

Kontrolløren peikar mellom anna på behovet for ein tydelegare samla identitet og sterkare digital marknadsføring, vidareutvikling av destinasjonsleiinga og ein langsiktig samarbeidsmodell mellom kommunen og destinasjonsapparatet. Mobilitet og besøksforvaltning er også peikt ut som område for vidare arbeid.

‍

‍

‍

‍

‍

– 98,4 prosent betyr ikkje at me er ferdige. Merkeordninga skal nettopp hjelpe oss å arbeide systematisk med vidare utvikling. No handlar det om å ta med oss det me har lært, følgje opp tilrådingane og halde fram utviklingsarbeidet saman med kommunen, næringa og andre aktørar. Me skal vere stolte av det me har oppnådd, og samtidig bruke tilbakemeldingane frå kontrolløren aktivt i arbeidet vidare, seier Laila Steine.

‍

Fakta om remerkinga av Suldal

  • Suldal vart første gong merkt som berekraftig reisemål i 2020, og vart remerkt i 2023 og 2026.
  • I 2026 fekk Suldal 180 av 183 moglege poeng, tilsvarande 98,4 prosent måloppnåing.
  • Suldal fekk full score på tre av fem hovudområde.
  • Merket for berekraftig reisemål er eigd og drive av Innovasjon Norge.
  • Næringshagen i Ryfylke har hatt den strategiske og operative rolla i destinasjonsarbeidet og oppfølginga av merkeordninga.

‍

Kurs og arrangement

No items found.

Teneste

No items found.
Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.