personar framføre buss
Foto: Privat

Matskattar-deltakarane på studietur til Hardanger

Den 20.-21. september reiste 20 representantar frå reiseliv, matprodusentar og Suldal kommune på studietur til Hardanger, i regi av Suldal Næringsforening v/ Reiselivsgruppa.

Tema for studieturen var å utvikling av felles reiselivs- og lokalmatprodukt, der ein skulle få inspirasjon til produktutvikling, pakking og marknadsføring. Turen starta ved busstur frå Suldal til Hardanger med Suldalsbussen, som tok ein rett til Siderhuset Ola K for omsyning og to-rettars lunsj. Vidare gjekk turen til Kvestad Sideri før det blei festmiddag på Buer restaurant. Her fekk ein servert ein fire-rettars middag basert på lokale råvarer. Overnattinga tok ein på Trolltunga hotell. Den 21. september starta ein dagen med foredrag om opplevingsturisme frå Jostein Soldal i Trolltunga Aktiv. Vidare gjekk turen til Vitenparken ved Kraftmuseet før besøket blei avslutta med lunsj på «Ferskvaren».

Matskattar er eit samarbeid mellom aktørar i reiselivet og landbruket i Suldal, der målet er å arbeide for arbeide for felles utvikling, aktivitetar og merkevarebygging av kvar enkelt aktør og av matdestinasjonen Suldal som ein heilskap. Her deltek i underkant av 20 aktørar frå reiselivsnæringa, landbruket, daglegvarebutikk og anna næringsliv.Samarbeidet er organisert som eit hovudprosjekt, støtta av Rogaland fylkeskommune.

Kontakt

Portrettbilde
Marit Larsen
Prosjektleiar / Forretningsutviklar
marit@nhryfylke.no
906 84 861
Portrettbilde
Anita Svendheim
Prosjektleiar - reiseliv og kommunikasjon
anita@nhryfylke.no
924 44 948

Kurs og arrangement

No items found.

Teneste

Andre aktueltsaker

Design og utvikling: Omega 365 Design