Sidan oppstarten i 2013 har Nina vore oppteken av å tilby heilskaplege helsetenester med naturens om inspirasjon. Nina bur saman med mann og born på gard i Fattnes, kor dei driv med både ammekyr og sau. I tillegg er ho utdanna barnehagelærar, og har mange år med pedagogisk undervisning bak seg. På garden finn ein også hennar eigen verksemd; Urteloftet. Her foregår ein spanande produksjon av naturprodukt og skreddarsydde arrangement. Nina er også ofte å treffe på ulike messer og event. Ei driftig dame med andre ord, som no også er blitt målbedrift i Næringshagen iRyfylke.
Interessa vakna då barna hennar fekk hudproblem, og ho innsåg kor lite ho eigentleg visste om innhaldet i hudprodukt. Ho ønskte å forstå kva ingrediensane var, og korleis dei påverka huden. Mangelen på gode og trygge alternativ for barna skapte frustrasjon – og motivasjon. Dermed byrja ho å eksperimentere og laga eigne salver. Det tok ho tre år å utvikle den første salven, ei honningsalve. Ho fekk mange gode tilbakemeldingar på sider der produkta hennar blir vist fram og selt, så det er ingen tvil om at denne dama har funne oppskrifta på fleire ting her i livet!
På Urteloftet vert det laga og selt eigenutvikla hudprodukt og teblandingar baserte på naturlegeingrediensar. Alle salvene og oljene som Nina produserer i dag er laga av vegetabilske ingrediensar, og det er brukt mykje tid for å optimalisere oppskriftene. Produkta er naturlege, reine, og er sikkerhetsvurdert av laboratorium. I tillegg tilbyr Nina ulike behandlingar og kurs med fokus på naturlege metodar og individuell tilpassing. Med utgangspunkt i aromaterapi og bruk av reine eteriske oljer, legg ho til rette for både fysisk og mental balanse hos kundane sine.
Aromaterapi er ei sentralbehandling der reine eteriske oljer vert brukt gjennom massasje, og tilpassast individuelt – både for vaksne og barn. Ho tilbyr klassisk massasje med element frå svensk massasje, akupressur og lymfedrenasje, samt spesialiserte behandlingar som lymfedrenasje og svangerskapsmassasje. I tillegg held ho samlingar med babymassasje for foreldre og omsorgspersonar – ein varm og trygg måte å styrkje banda til den vesle på. Ein kan også prøve ut spanande arrangement som kakaoseremoni med lydbad, kor meditasjon, indre ro og eigenkjærleik står i fokus.
Verksemda tilbyr både gruppetimar og enkelttimar, slik at kvar enkelt får ei tilpassa og personleg oppleving. Nina legg stor vekt på å møte menneske der dei er, og brenn for å skape rom for kvile og eigenomsorg.
Som målbedrift i Næringshagen i Ryfylke får Nina og Urteloftet tilgong til eit stort nettverk og gode ressursar for vekst og utvikling. Nina synst der er bra å få moglegheit til å vera med i ei ordning som Næringshageprogrammet, der ho blant anna får tilgang til gode verktøy som ho kan bruke i den daglege drifta og økt kompetanse på ulike fagområde gjennom kurs, webinar og program som Næringshagen tilbyr til sine målbedrifter. Det er særleg flott å få støtte til at Urteloftet blir gjort meir synleg, seier Nina. Ho er glad for å vera ein del av eit større nettverk hjå Næringshagen i Ryfylke.
Nina er i full sving med å planlegge eit nytt og spanande tilbod då me snakkar med ho. Det interaktive foredraget om mental beredskap som ho skal halde saman med mentalcoach Maiken Frette Birkeland i Skap-Flyt, er planlagt i dei nyoppussa lokala til Hebnes Vingard. Dato for samlinga vil bli annonsert snart.
Me lev i veldig uforutsigbar tid, der krig, naturkatastrofar og usikkerheit pregar mykje av nyheitsbilde. I tillegg har forventningane aldri vore høgare for mange, og me tvinges til å ta ein heil haug med ulike val kvar dag. Alt dette er med på å bidra til at me faktisk fjernar oss frå det livet me faktisk er meint for å leve, seier Nina. Samlinga vil blant anna ha fokus på biologien vår og korleis hjernen fungerer og korleis me kan gjera gode val og prioriteringar for oss sjølve. Det er lagt opp til eit interaktivt samling med praktiske øvingar, kor ein blant anna får moglegheit til å betre på å lytte til eigen kropp. Det er også mogleg for andre å booke dette foredraget inn til seg dersom det skulle freiste.
Les gjerne meir om Urteloftet sine produkt og tilbod på heimesida www.urteloftet.no.