
Me har lagt grunnlaget for eit arrangement som samlar dei viktigaste aktørane i regionen og som har til hensikt å fremje vekst, konkurransekraft, innovasjon og samarbeid i Ryfylke. Me har som mål å skape ein arena der lokale og regionale bedrifter kan knytte verdifulle kontaktar, få innsikt i kva som rører seg i regionen, bli inspirert og diskutere dei moglegheitene og utfordringane som regionen vår står ovanfor.
Me treng møteplassar som samlar krefter og stimulerer til eit berekraftig og sterkt Ryfylke, også for framtida!
Suldalskonferansen 2026 finn stad 12. mars på Kulturhuset i Suldal i Sand sentrum.
I år set Suldalskonferansen søkelys på fire sentrale tema for regional utvikling:
Drivkraft
Konkurransekraft
Kapitalkraft
Folk og kompetanse
Korleis skapar me ny vekst og innovasjon i møte med raske endringar? Kva gjer næringslivet i Ryfylke konkurransedyktig – lokalt, nasjonalt og internasjonalt? Korleis mobiliserer me kapital til gode og berekraftige prosjekt? Og ikkje minst diskuterar me leiarskap i ei ny tid!
For meir informasjon og fullstendig program sjå konferansen si eiga nettside her: https://suldalskonferansen.no/
Suldalskonferansen blei først arrangert i 2024, og er ein konferanse av og for næringslivet. Her er det verksemdene sjølve som er med på å setje agendaen og peike ut kva som er viktig for å skapa vekst, både gjennom hovudprogrammet og i arena-diskusjonar. I tillegg legg konferansen vekt på dialog mellom næringsliv og offentleg sektor – fordi utvikling skjer best når me spelar på lag.