Korleis leiar vii ei tid der endring er den nye normalen?
Behovet for gode leiarar har aldri vorestørre. Samtidig står mange overfor dei same utfordringane: å skape retning iendring, byggje sterke team, møte nye generasjonar og finne balansen mellomresultat, relasjonar og eiga utvikling.
Difor etablerer me no Leiarnettverket Ryfylke – ein møteplass der leiarar frå ulike bransjar og verksemder kanmøtast for å lære, dele erfaringar, utfordre kvarandre og utvikle seg saman.
Dette er meir enn eit kurs eller ei rekkjeenkeltståande foredrag. Ambisjonen er å byggje eit langsiktig fellesskap forleiarutvikling, der innhald og retning blir forma i takt med behova tildeltakarane.
Første steg: Leiarutviklingsprogram hausten 2025
Programmet består av fire samlingargjennom hausten. Mellom samlingane får deltakarane tid til å omsetje innsikttil praksis, prøve ut nye perspektiv og ta med seg erfaringar tilbake til nestesamling.
Gjennom hausten vil me blant annautforske tema som:
🔹 Leiing i endring og framtid
🔹Korleis leie nye generasjonar
🔹Sjølvleiing og personleg utvikling
🔹Organisasjonspsykologi i praksis
🔹Teamutvikling og kulturbygging
🔹Kommunikasjon som skaper tillit og retning
🔹Nærvær og leiarskap i kvardagen
Målet er å gi deltakarane:
✔ Faglegpåfyll og nye perspektiv
✔ Konkreteverktøy som kan takast ibruk frå første dag
✔ Refleksjonog erfaringsutveksling med andre leiarar
✔ Eitverdifullt nettverk på tvers av bransjar og verksemder
Tysdag 1. september – Leiing i endring og usikkerheit
Framtidas arbeidsliv treng leiarar som er tydelege,empatiske og nysgjerrige medmenneske. Me arbeider medendringsleiing, menneskelege eigenskapar og korleis deltakarane kan ta med seglæringa vidare inn i eigen kvardag og møte framtida med tryggleik, innsikt oghandlekraft.
Tema:
- Leiing i endring og usikkerheit
- Kvifor menneske reagererulikt på endringar
- Kommunikasjon som skaperretning og tryggleik
- Menneskelege ferdigheiteri framtidas arbeidsliv
- Korleis leie nye generasjonar
- Leiing av menneske medulike behov
Tysdag 6. oktober - Kva vil det seie å veraleiar i dag?
Me arbeider medleiarrolla, ansvar, forventingar og sjølvleiing. Deltakarane får høve til åreflektere over sin eigen leiarkvardag – kva som tek tid og energi, og kva deitreng å vere tydelegare på.
Tema:
- Leiarrolla, ansvar og forventingar
- Sjølvleiing, prioritering og tidsbruk
- Delegering og grensesetjing
- Korleis unngå å bli einflaskehals
- Verdibasertleiing
- Kven er eg som leiar?
Tysdag 3. november – Organisasjonspsykologi, team og kultur
Gode team og ein sterk kultur kjem ikkje av seg sjølve. Dei blir bygdegjennom tillit, tydelegheit og god kommunikasjon i kvardagen. På denne samlingaarbeider me med kva som kjenneteiknar velfungerande team og ein godorganisasjonskultur, korleis leiarar kan skape tryggleik, og korleis møte kanbli betre arenaer for dialog, involvering og gode avgjerder.
Tema:
- Innføringi organisasjonspsykologi
- Kva som kjenneteiknar godeteam
- Kulturbygging
- Psykologisktryggleik i praksis
- Tillit,ansvar og samspel
Tysdag 1. desember – Møtekultur,tilbakemeldingar, forventingar og krevjande samtalar
Mange leiarar veit kvadei burde seie, men utset den vanskelege samtalen. I denne samlinga arbeider memed korleis ein kan byggje ein god tilbakemeldingskultur, avklare forventningarog vere tydeleg utan å miste varme.
Tema:
- Møtekulturog kvardagskommunikasjon
- Kvifor tilbakemeldingar ofteblir vanskelege
- Tydelegheitmed empati
- Forventningsavklaring
- Samtalar leiarar ofte utset – tidleg,tydeleg og trygt
- Viktigheita av at leiaren ertil stades og nærverande (mindfulness)
Samlingane blir gjennomførte med om lagein månads mellomrom, slik at deltakarane får tid til å arbeide med eigneutfordringar, prøve ut nye verktøy og dele erfaringar med nettverket undervegs.
Årets førelesar og leiarutviklar
Gjennom heile haust/vinter vil deltakaranebli følgde av Synneva Erland, ein erfaren leiarutviklar, foredragshaldarog formidlingstrenar med meir enn 15 års erfaring.
Ho har arbeidd med alt frå toppleiarar ietablerte verksemder til gründerar og vekstselskap, både nasjonalt oginternasjonalt. Synneva er kjend for å kombinere forskingsbasert innsikt medpraktiske verktøy og ei formidling som skaper engasjement og refleksjon.
Pris og finansiering
Pris for heile programmet: kr 30 000,- per deltakar.
For bedrifter som er kvalifiserte som målbedrifter, kan det gis innovasjonsstøtte på inntil 50%.
Påmelding og kontakt
Ønskjer du å vere med på å byggje eitsterkt leiarfellesskap i Ryfylke, eller ønskjer du meir informasjon omprogrammet, er du velkomen til å ta kontakt.
Påmeldingsfrist er 25. august.
Talet på plassar er avgrensa, og me ønskjer å samle ei gruppe leiarar som er motiverte for å lære, dele erfaringar og utvikle seg saman gjennom året.
For spørsmål eller påmelding, ta gjerne kontakt på: alf@nhryfylke.no eller vanja@nhryfylke.no.
Velkomen til Leiarnettverket for Ryfylke – ein arena for læring, utvikling og fellesskap!










.png)