Næringshagen i Ryfylke arrangerer kurs i varme arbeid saman med Sapio AS. Kurset gir dokumentert opplæring som forsikringsselskapa krev for alle som utfører varme arbeid på arbeidsplassen.
Alle som brukar utstyr som lagar gneistar eller varme, som sveising, skjering, sliping og open flamme. Det passar godt for industri, bygg, rørleggjarar, elektrikarar og verkstader.
Kurset blir avslutta med teoretisk eksamen frå Norsk Brannvernforening. Du som består eksamenen og gjennomfører sløkkjeøvinga, får sertifikat for varme arbeid.
Fredag 27. november 2026, kl. 08:30-15:30, Sand.
1 900 kr per deltakar utan mva, inkludert sløkkjeøving.
Påmelding til Næringshagen i Ryfylke innan 20. november: post@nhryfylke.no. Opplys om namn, bedrift, e-post og mobilnummer. Kurset blir halde med kursinstruktør frå Sapio AS.
Har du spørsmål om innhaldet, kan du kontakte Alf Aadnøy på alf@nhryfylke.no eller 905 66 358.









