Foto: Hans-Petter Nygård-Hansen
Foto: Hans-Petter Nygård-Hansen

KI-dagen i næringshagen med Hans-Petter Nygård-Hansen

Dato:
19
.
03
.
2024
Klokka:
9:00

VER EIN DEL AV ENDRINGA ELLER BLI ENDRA!

Vår gjest er Hans-Petter Nygård-Hansen, som gir oss sitt rykande ferske foredrag "Fremtiden Disruptes" om korleis teknologiutviklinga har transformert og disruptert korleis me lever, lærer og jobbar på.

Du får innsikt i kunstig intelligens (KI), og kunnskap om nyttige måtar ein kan nytta kunstig intelligens på i eiga bedrift. Og også om kva som er utfordringsbildet ved å ta i bruk ny teknologi.

Du vil gjennom ei blanding av foredrag, praktiske eksempel og gruppediskusjon få kunnskap om og innsikt i korleis utnytta KI-verktøy i det daglege arbeidet ditt.  Me diskuterer etikk, juridiske sider, tryggleik og berekraftige aspekt ved KI-teknologi.

Hans-Petter Nygård-Hansen er anerkjent teknologiekspert, kommunikasjonsrådgivar, debattleiar, foredragshaldar og gründer. Har du følgt litt med, har du kanskje høyrt han i radio, sett han på TV eller lese artiklane hans.

Bli betre kjent med Hans-Petter her

Stad og tid:

Næringshagen i Ryfylke (Sandsvegen 134, 4230 Sand kl. 09.00 -14.00)

Innhald:

• Foredrag: Fremtiden Disruptes

• Ulike KI-verktøy .

• Demonstrasjon av KI i praksis.

• Diskusjon og debatt: Engasjer deg i diskusjon og debatt for å forstå og nytta kunnskapen i praksis.

• Etiske, moralske, sikkerheitsmessige, juridiske og berekraftige aspekt: Kva utfordringar står me ovanfor i møte med KI.

Pris:

Målbedrifter og aksjonærar: kr 500.-

Andre: kr 1000.-

Påmelding:

Send epost til post@nhryfylke.no innan fredag 15. mars.

Spørsmål? Ta gjerne kontakt med oss!

NB! Melder du deg på vårt Digital Vekst program som har oppstart 16. april, får du KI-dagen inkludert i same pris!

Ta kontakt for meir info og påmelding
Ta kontakt for meir info og påmelding

Teneste

Aktuelt

No items found.

Prosjekt

No items found.

Andre kurs og arrangement

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.