I ei tid med aukande press og utsikter til stor vekst i besøkjande til norske reisemål er ansvarleg kommunikasjon i reiselivet viktigare enn nokon gong. Korleis kommunisere slik at ein aukar lokal verdiskaping per gjest, bidreg til ansvarleg ferdsel og styrker lokalsamfunna?
Reisemåla i NDBR har i samarbeid med Innovasjon Norge utvikla KommunikasjonsLøftet- ein felles retning for korleis me kommuniserer norske reisemål og bygger merkevara Noreg.
Bli med på webinar for å få ei praktisk innføring i hovedpunkta i plattformen, og korleis du kan bruke den i ditt arbeid. Kommuniserer du norske reisemål gjennom ditt arbeid? Signer KommunikasjonsLøftet her.
Program
- 10:00-10:10: Korleis vera ein del av løysinga, og ikkje problemet?
Aase Marthe Horrigmo, direktør for reiseliv, Innovasjon Norge. - 10:10-10:20: Pass på at berekraft ikkje berre skjer i kommunikasjonsavdelinga.
Audun Pettersen, avdelingsleiar for reiselivsutvikling, Innovasjon Norge. - 10:20-10:30: KommunikasjonsLøftet: Eit felles løfte og løft for korleis me kommuniserer norske reisemål – eit arbeid i stadig utvikling.
Anita Svendheim, prosjektleiar for NDBR - 10:30-45: Ansvarleg marknadsføring i praksis
Magnus Brekke Nygaard, Chief Sustainability Officer, Visit Bergen & Moa Maria Kero, ansvarleg utvikling og samfunnskontakt, Visit Svalbard - 10:45-10:55: Korleis bruke KommunikasjonsLøftet i ditt arbeid på web.
Christine Baglo, Editor in Chief, Visit Norway
Påmelding
Kven er webinaret for? Webinaret er for alle som kommuniserer norske reisemål i sitt arbeid, som destinasjonsselskap, landsdelsselskap, bedrift eller andre.
Du melder deg på ved å registrere deg på denne lenka.
Webinaret er gratis og ope for alle.