2. september – 28. oktober
Tidspunkt: 28. oktober 2025 kl. 09:00 – 10:00
Samlinga vil fokusere på kva som krevst og korleis realisere ei minimumsteneste, som kan danne grunnlaget for vidare oppskalering og kopiering på andre område. Arbeidet vil vurdere suksessfaktorane for å ta det første steget i dei praktiske endringane som må til for å utnytte kunstig intelligens. Metodar for stegvis utvikling og innovasjon blir sett i sentrum for å oppnå eit tydeleg mål for verksemda gjennom ein effektiv kombinasjon av ressursar; leiing og kompetanse, arbeidsprosessar, organisasjon, teknologi og data innan ramma av gjeldande etiske retningslinjer, lovgiving og trygglei
Denne seminarserien på 4 delar er ein del av ei satsing som EDIH Oceanopolis og det nasjonale reisleivsnettverket NDBR har gått saman om for å løfte kunnskapen og konkurransekrafta til norske reisemål gjennom eit felles kompetanse- og utviklingsløp. Dei digitale seminara er opne for alle organisasjonar som har ei rolle som destinasjonsselskap i Noreg.
Kven: Målgruppa for dette kurset er tilsette i destinasjonsselskap og tilsvarande.
Når: Fire digitale samlingar i perioden 2. september – 28. oktober 2025
Kva: Korleis kan digitalisering og kunstig intelligens gje betre tenester, smartare drift og nye inntektsmoglegheiter for norske destinasjonsselskap? Gjennom fire samlingar får du kunnskap, innsikt i digitale verktøy og konkrete case – frå moglegheit til implementering.
Læringsutbyte: Innsikt i korleis destinasjonsselskap kan bli datadrivne og bruke AI – kunstig intelligens – for betre tenester og gjesterelasjonar, innsikt og analyse, vekst og auka produktivitet, berekraftig drift og ressursutnytting, og ikkje minst gje økonomiske gevinstar.
Påmelding: påmelding via Checkin. Deltakarar får tilsendt lenkje til den aktuelle samlinga i forkant av kvar samling.
Digital Launch blir tilbydd med 100% rabatt for både SMB, offentleg sektor og Midcaps. Ta kontakt for meir informasjon.