
Dette er samling 1 av 4 (tysdag 26. januar 2027). Påmeldinga gjeld heile kurset, alle fire samlingane.
Vi startar med det grunnleggjande: kva KI kan, kva det ikkje kan, og korleis du får gode svar. Du testar verktøya på dine eigne oppgåver, som e-post, tekst og oppsummeringar, og vi går gjennom kva ein ikkje skal leggje inn av personopplysningar og sensitiv informasjon.
Agendaen er retningsgivande og kan bli justert etter behovet i gruppa.
Næringshagen i Ryfylke tilbyr eit praktisk kurs i bruk av kunstig intelligens (KI) for bedrifter. Over fire samlingar testar du KI-verktøy på eigne oppgåver, og du får hjelp til å finne prosessar i bedrifta der KI kan gjere kvardagen enklare.
Bedrifter som vil ta i bruk KI på ein praktisk måte. Kurset har maks 10 plassar.
Tenk gjennom kva oppgåver i bedrifta som tek mykje tid, eller som du gjerne vil gjere enklare.
Mellom samlingane får kvar bedrift oppfølging og hjelp til å finne prosessar å bruke KI på. Oppfølgingssamling tysdag 27. april 2027.
Eigen berbar PC og tilgang til ChatGPT eller Claude.
Kl. 09:00–13:00 kvar samling, inkludert lunsj. Næringsparken, Garaneset, Sand.
15 000 kr eks. mva. per bedrift.
Er verksemda di målbedrift hos oss, kan du få inntil 50 % dekt gjennom innovasjonsstøtta frå næringshagen. Ta kontakt med oss før du melder deg på.
Påmelding til Alf Aadnøy på alf@nhryfylke.no. Maks 10 plassar.
Har du spørsmål om kurset, kan du kontakte Alf Aadnøy på alf@nhryfylke.no eller 905 66 358.









.png)


