DigiDrøs - Konjunkturbarometeret 2026

Dato:
03
.
09
.
2026
Klokka:
8:30

Start hausten med oppdatert innsikt i norsk økonomi og utsiktene for resten av året. Sjeføkonom Kyrre M. Knudsen i SpareBank 1 Sør-Norge kjem attende med dei nyaste funna frå Konjunkturbarometeret.

Kva tyder signala om for norsk næringsliv framover? Blir det fleire nyansettingar, og held oppgangen i oljebransjen fram? Kva skjer med bygg- og anleggsnæringa? Og kva med renteutviklinga — kan vi vente oss endringar?

Vi dykker også ned i tema som lønsemd, investeringsvilje og korleis globale hendingar påverkar framtidsutsiktene for verksemder i Ryfylke.

Praktisk informasjon:
Torsdag 3. september, kl. 08:30 – 09:30
Stad: Digitalt (lenke blir sendt etter påmelding)

Alle målbedrifter i næringshageprogrammet får invitasjon og lenke for deltaking via epost.
Du kan melde deg på ved å sende oss ein epost på post@nhryfylke.no

Bli med og få viktig innsikt i den økonomiske utviklinga som påverkar di verksemd!

Ta kontakt for meir info og påmelding
Ta kontakt for meir info og påmelding

Teneste

No items found.

Aktuelt

No items found.

Prosjekt

No items found.

Andre kurs og arrangement

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.