.jpg)
I hjarta av Ryfylke finn me Norsk Juletreservice – ei av våre mange dyktigemålbedrifter. Bedrifta har verkeleg sett seg mål om å løfte norskjuletreproduksjon. Med ei heilskapleg verdikjede, sterke produsentmiljø og ein engasjert og framtidsretta dagleg leiar, er selskapet i ferd med å markere seg både nasjonalt og internasjonalt.
NorskJuletreservice vart etablert i 1998 og er eigd av produsentane sjølve. Det har gitt eit nært samarbeid med juletreeigarar på Sørvestlandet og i Hardanger, og ei solid lokal forankring. Gjennom alle år har målet vore det same: å levere juletre av høg kvalitet til både norske heimar og utanlandske marknader – alltid med kvalitet og fagkunnskap i sentrum.
I år vil om lag 91 000 juletre gå ut frå Norsk Juletreservice sine produsentar. Leveransane går til Coop, Hageland, torghandlarar, ulike hagesenter og privatkundar frå nord til sør i landet. Mange vel òg å besøke sin lokale juletreprodusent for å finne sitt eige tre – ein viktig og stemningsfull juletradisjon for mange familiar.
Selskapet produserer både Nordmannsedelgran og Fjelledelgran. Sistnemnde, med sitt lett blålege skjær, har òg blitt ein populær eksportartikkel. I år går også fjelledelgran til Danmark og Slovakia, der etterspurnaden aukar.
Trass i at 60 prosent av nordmenn i dag vel plasttre, meiner Norsk Juletreservice det er viktigare enn nokon gong å snakke fram det naturlege alternativet. Ekte tre er kortreiste, vakre og luktar jul – samtidig som dei støttar lokale arbeidsplassar og bidreg til eit levande kulturlandskap.
Dagleg leiar, Lena Nergård, er kjend for sitt engasjement og brennande fokus på kvalitet og kundeservice. Ho er tett på både produsentar, kundar og samarbeidspartnarar, og legg stor vekt på kompetanse som drivkraft for vidare vekst.
Kompetanseheving er ein raud tråd i arbeidet til Norsk Juletreservice. Gjennom produsentgruppa,som blir følgd tett opp med blant anna opne fagdager, får dyrkarane tilgong til oppdatert kunnskap og beste praksis. Bedrifta har òg knytt til seg danske rådgivarar – somme av dei rekna som dei beste i Europa innan dyrking og produksjon av juletre.
Nå høgsesongen set inn, går det i eitt for bedrifta. Men midt i travelheita deler Lena gjerne sine beste tips for å sikre at treet held seg vakkert lengst mogleg:
I år vart Norsk Juletreservice målbedrift i Næringshagen i Ryfylke, noko Lena omtalar som både nyttig og inspirerande.
– Å vere ein del av Næringshagen i Ryfylke har vore svært verdifullt, fortel ho. Eg har fått delta på fleire kurs med fagleg påfyll, noko som styrkjer meg i rolla som dagleg leiar. Næringshagen er ein god støttespelar, og rådgivarane bidreg med både retning, kompetanse og nettverk.