Foto av Viktor Aheiev/iStockphoto
Foto av Viktor Aheiev/iStockphoto

Webinar: Trygg i leiarrolla?

Dato:
23
.
04
.
2024
Klokka:
9:00
Stad:

Velkommen til webinar

23. april kl 0900 – 1000

Utvikling av leiarar er sentralt for at ei bedrift og organisasjon skal nå sine strategiske mål, og få det beste ut av seg sjølv og medarbeidarane.

Me har invitert John Øyvind Livden frå Gullfjell for å dele sine erfaringar rundt leiarrolla, kva utfordringar du som leiar opplever, kva kompetanse og kvalitetar ein leiar bør ha, og ikkje minst forstå kva det vil seie å vere ein leiar. Me diskuterer også konsekvensane av å ha leiarar som ikkje er trygge irolla si.

Webinaret vil gi deg konkrete råd og tips om kva som skal til for å bli ein betre leiar både for deg sjølv og dei du er leiar for, og korleis relasjonar og samarbeid gjer at du og medarbeidarane dine når mål og skapar positiv endring.

Til slutt snakkar me litt om korleis dette kan sjå ut i praksis, og me får presentert leiarutviklingsprogrammet Vardeveien. Dagleg leiar, Sveinung Skjerahaug, i Suldal Økonomi og Rådgiving deler sine erfaringar om kva han valde å gjere då leiarrolla opplevdes utfordrande og krevjande.   

John Øyvind Livden

Om John Øyvind Livden
John Øyvind Livden er ein erfarenleiarutviklar og grunnleggjaren bak Gullfjell, kjent for sitt engasjement ogarbeid innanfor leiarutvikling, teamutvikling og organisasjonsutvikling. Med bakgrunn frå Sjøforsvaret ogpedagogisk utdanning har han i25 år jobba med leiarutvikling på heiltid.

Webinaret er gratis og du melder deg på ved å sende oss ein epost på post@nhryfylke.no  

Me har som ambisjon å etablere eit leiarutviklingsprogram og leiarnettverk, og dei som deltek vil få tilbod om ein gratis rettleiingstime i etterkant av webinaret.

Velkommen!

Ta kontakt for meir info og påmelding

Kontakt

Portrettbilde
Laila Steine
Dagleg leiar / Forretningsutviklar
laila@nhryfylke.no
977 75 757
Alf Aadnøy
Alf Aadnøy
Forretningsutviklar / Prosjektleiar
alf@nhryfylke.no
905 66 358

Teneste

No items found.

Aktuelt

No items found.

Prosjekt

No items found.

Andre kurs og arrangement

Ingen andre kurs og arrangement akkurat no.
Design og utvikling: Omega 365 Design