Foto: NDBR
Foto: NDBR

VertsKommunen 2025: Kva er destinasjonsselskapa si rolle i framtida?

Dato:
04
.
11
.
2025
Klokka:
11:56
Stad:

Den 4. november inviterer Næringshagen i Ryfylkke, saman med det nasjonale reiselivsnettverket NDBR, til årets største, digitale konferanse for destinasjonsleiingar over heile landet. Deltaking er gratis.

Kven tek styringa i framtidas reiseliv?

Destinasjonsselskapa har teke steget frå å vere marknadsførarar til å bli nøkkelspelarar i stadutvikling, besøksforvalting og grøn omstilling. Samstundes sit kommunane med makta over areal, infrastruktur og rammevilkår. Spørsmålet er: korleis kan me spele kvarandre gode – og kva blir eigentleg rolla til destinasjonsselskapa og kommunane i reiselivet i framtida?

Velkomen til VertsKommunen 2025 – den nasjonale konferansen for det lokale reiselivet, der me lyfter fram satsingar og arbeid på tvers av reisemål og lokalsamfunn som er med på å skape framtidas reiseliv.

Tid: 4. november kl. 08:30–11:00
Stad: Digitalt
Pris: Gratis

Målgruppe:

Alle som sit i ei destinasjonsleiing, eller er engasjert i reisemålsutviklinga i sitt lokalsamfunn. Fleire reisemål samlar òg si destinasjonsleiing slik at samlinga blir starten på ein fagdag for ditt reisemål.

På denne digitale konferansen får du:

  • Skjeringspunktet kommune–destinasjon – live-diskusjonar som utfordrar og inspirerer
  • Faglege stemmer – kva er status for reiselivet i 2025, og korleis bidreg næringa til di kommune?
  • Korte casar frå reisemål – me lyfter fram konkrete satsingar og tiltak som formar framtidas reisemål på tvers av landet
  • Fordjupingsspor – djuptdykk i relevante tema

Dette er ikkje ein konferanse for lange foredrag og festtalar. Dette er arenaen for ærlege diskusjonar, praktiske løysingar og nye perspektiv – rett frå dei som formar reiselivet akkurat no.

Påmelding

Du melder deg på ved å fylle ut dette skjemaet.

Del gjerne vidare!

Ta kontakt for meir info og påmelding
Ta kontakt for meir info og påmelding

Kontakt

No items found.

Teneste

No items found.

Aktuelt

No items found.

Prosjekt

No items found.

Andre kurs og arrangement

Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.