Me startar det nye året med å invitera til ein uformell og triveleg næringslivslunsj for bedrifter og samarbeidspartnarar i regionen.
Dette blir ei samling for god prat, dialog og nettverksbygging – og ikkje minst for å få innsikt i eitt av dei viktigaste samferdselsprosjekta i Ryfylke.
Det er no endeleg oppstart i arbeidet med tunnelløysinga på Rv. 13 Lovraeidet–Rødsliane, og det er arbeidsfellesskapet RISA – LNS som har fått oppdraget. Etter ferdig fjellsikringsarbeid hausten 2025, kjem både entreprenørane og Statens vegvesen for å dela status og presentera framdriftsplanane for det vidare arbeidet.
Me legg opp til ein lågterskel møteplass med:
Meld deg på innan 23. januar til post@nhryfylke.no eller ved å senda SMS til 905 66 358.
Pris: 200,-
Stad: Næringshagen sine lokalar på Sand - Sandsvegen 134.
Me gler oss til å starta 2026 saman med dykk!

.png)



.png)