Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland
Skattkammeret Suldal. Foto: Lise Bjelland

Digital minikursserie for reiselivet

Dato:
31
.
10
.
2023
Klokka:
19:30
Stad:
Teams

Utvid din kunnskap om aktuelle utfordringar, moglegheiter og reisetrendar som påverkar reiselivet i Ryfylke. Gjennom fire konsise, digitale minikurs på maks ein time kvar vil me ikkje berre utforske viktige faglige tema, men også presentere inspirerande "best-case" døme frå vår region. Kursa er utforma for å gi deg nøkkelinnsikt på kort tid, samtidig som dei legg til rette for verdifull erfaringsdeling og engasjerande diskusjonar.

 

Minikurs 1: Ansvarlig marknadsføring og kommunikasjon

Tysdag 31. oktober 2023, kl 19:30-20:30

Korleis skapar me eit realistisk bilde av vår destinasjon og tilboda som finst, slik at turistar får riktige forventningar? Korleis kan me sikre oss eit konkurransefortrinn gjennom å kommunisera ærleg og ansvarleg, basert på kvalitet og autentisitet? Me gir deg nokre retningslinjer og diskuterer kva som er god praksis.

Minikurs 2: Naturen, Gjesten og Oss – Ansvarleg Ferdsel og Bruk av Natur

Tysdag 7. november 2023, kl 19:30-20:30

Me tek for oss viktigheita av ansvarlig ferdsel og bruk av naturen i reiselivet. Me vil diskutere allemannsretten og -plikta, utforske fiskeregler, læra om forvaltninga av villrein og verneområder. Kva kan vera gode retningslinjer å formidle til våre gjester – og oss sjølv?

Minikurs 3: Reiselivet og klimaendringar

Tysdag 21. november k2023, kl 19:30-20:30

Klimaendringar vil påverke reiselivsnæringen, også i Ryfylke. Sesongar blir lengre, eller kortare. Varme, tørke, og økt nedbør vil endre kvar, når og korleis gjester reiser. Den vil også ha påvirkning på kva, når og korleis me kan tilby gjesteopplevingar. I tillegg må me vera førebudd på ekstreme hendingar. Korleis kan me tilpasse oss?

Minikurs 4: Rekruttering og lokal sysselsetting

Tysdag 28. november 2023, kl 19:30-20:30

Å sikre riktig og god arbeidskraft i reiselivet er ei utfordring for vår region i dag, og for framtida. Det krevst ein god arbeidsgjevar for å rekruttere, lære opp og halde på dei beste tilsette, slik at kvaliteten på gjesteopplevinga blir best mogleg. Gjennom nokre gode døme diskuterer me korleis alle kan bidra til meir stoltheit og høgare status i reiselivet, gode arbeidsmiljø og høgare lønnsemd.

Alle kurs holdes digitalt på Teams. Deltaking er gratis.

Kursserien er eit samarbeid mellom Lysefjorden Utvikling, Næringshagen i Ryfylke, Sauda Ferie & Fritid og Reisemål Ryfylke, og bygger på den nasjonale standarden til merkeordninga for Berekraftige Reisemål. 

Meld deg på i dag!

For spørsmål kontakt anita@nhryfylke.no eller johannes@lysefjorden365.no.

Påmelding skjer via denne lenka.

Påmeldingsfrist: 30. oktober 2023

Ta kontakt for meir info og påmelding

Kontakt

Portrettbilde
Laila Steine
Dagleg leiar / Forretningsutviklar
laila@nhryfylke.no
977 75 757
Portrettbilde
Anita Svendheim
Prosjektleiar - reiseliv og kommunikasjon
anita@nhryfylke.no
924 44 948

Teneste

Aktuelt

No items found.

Prosjekt

No items found.

Andre kurs og arrangement

Design og utvikling: Omega 365 Design