Mann på verande framføre vatn
Foto: Judith Litlehamar

Satsar på aktivitetsturisme

Energihotellet på Nesflaten byr på krafthistorie og arkitektoniske perler. No satsar vertskapet Olav Lindseth og Gunhild Moe på aktivitetsturisme i tillegg.

– Her er badstova, med utsikt rett ut på Suldalsvatnet. Dette blir bra, seier Olav og går rundt i det vesle nybygget som ligg på sida av hotellbygget. Uteområdet ser ut til å bli eit lite smykke av ein aktivitet som gjestene på hotellet  kan nyte når badstova blir tatt i bruk i august.

Det er stadig utvikling på Energihotellet, sidan ekteparet Olav og Gunhild overtok i 2008 har hotellet jamleg passert nye vegskilje. Vertskapet er ikkje redde for store investeringar, eller for å tenkje nye tankar. Den siste tida er byggetrinn to i den krevjande utbygginga komen på plass. Her er det blitt  bygd to nye suitar, ein ny bar er på plass og spisesal og kjøkken er blitt utvida. Og no er det altså badstove som er siste nytt. Olav meiner dei totale investeringane har vore på om lag 35 millionar dei siste åra. Vertskapet på Energihotellet er ikkje kjende for å sjå avgrensingar rundt seg. Og det stoppar ikkje her.

– Me drøymer om å lage ei eiga spa-avdeling her og ny restaurant. Ikkje sikkert det blir så lenge til, seier Olav og ser seg smilande rundt.

Arkitektur og opplevingar

Denne dagen møter Olav oss på parkeringsplassen som også er blitt utvida, fleire gjester krev og betre plass der. Han viser veg forbi ein spirande grønsakhage som sikrar hotellet ultrakortreist mat. Vidare går han inn i hotellet der gjestene blir møtt av den imponerande og  slåande utsikta over Suldalsvatnet, 60-talsmøblane frå Sven Ivar Dysthe, gullpeisen eller den unike arkitekturen som er signert arkitekt Geir Grung.

– Me ser jo at arkitekturen og krafthistoria her oppe gjerne er det som skil oss frå andre hotell. Samstundes ynskjer me å bygge opp opplevingar og aktivitetar som får folk til å bli verande lenger, seier Olav.  

Etter nokre tøffe korona-år har endeleg verda opna igjen, og gjestene er klare for å besøke hotellet der ein kan stå på terrassen og sjå ned på ein høgst levande kraftstasjon og robuste kraftlinjer som står som høgreiste monument. Og det viser seg at gjestene har betalingsvilje, så lenge det dei får oppleve er ekte vare.

– Du kan ikkje lukkast med eit konstruert konsept i reiselivet, det du tilbyr må vere naturleg og ekte. Og du må ha flinke folk til å vere vertskap. Skal dei selje ein fjelltur så må ein vite om det er dei bratte bakkane opp eller utsikta på toppen som sel.

Tett på naturen

Ekte og autentisk er det meste på Energihotellet. Ute på parkeringsplassen står det nye turskilt til Vallarvikskaret, Gauphamar og Støladalen for å nemne nokre. På eit stativ står fire kajakkar, to gule og to raude. Olav som sjølv er glad i ein god fjelltur meiner Nesflaten er perfekt for den turglade, og veit at mange av gjestene som kjem ynskjer å oppleve naturen tett på. Inne på hotellet er det også ein eigen butikk-del under planlegging, der det er planar om å selje lokale produkt og varer. Både mat, kulturelle opplevingar og spanande aktivitetar bør vere så lokale som mogleg, meiner Olav og Gunhild.

– Folk forventar lokal mat og drikke i dag, og dei ynskjer å få vite historia bak produkta. Dei spør ikkje om me har lokal mat, dei spør kva me har.

Berekraftig reisemål

På Energihotellet serverer dei blant anna aure frå Suldalsvatnet, lam og kje frå Nesflaten og vilt frå Suldalsheiane. Olav er klar på at berekraftsomgrepet stadig blir viktigare i reiselivsnæringa, å bruke reine og lokale råvarer er berre ei side av det.

– Berekraftig samfunn handlar sjølvsagt om å hindre store klimautslepp, men det er og så mykje meir, som til dømes å styrke lokaldemokratiet og ha levande lokalsamfunn. Me ynskjer til dømes å etablere fleire heilårsarbeidsplassar, det er og ein berekraftig tanke.  

Kortreiste opplevingar med lokal identitet er ein anna berekraftig berebjelke.

– Mange av aktivitetane som me planlegg er på eller rundt Suldalsvatnet. I Mokleiv er det kome ny brygge, i tillegg til at det også her er planar om badstove. Me ynskjer å tilby guida turar på vatnet, det er viktig at me kan bruke vatnet meir aktivt, seier Olav som sjølv også er ein av seks aktørar som har gått saman om å skape eit gjestgiveri på Dampen på Nesflaten-

– Dette trur eg blir ein bra overnattingsplass, som blir eit supplement til hotelldrifta her oppe. På Dampen blir det meir retta mot ungdommar og dei som ynskjer å overnatte billig.

Energihotellet er også ein del av hotellkjeda De Historiske, som gjer at stadig fleire gjester og potensielle arbeidstakarar kjenner til hotellet og pakkane som vertskapet på Nesflaten kan tilby.

Hotell i vekst

Etter 14 år på hotellet har Olav og Gunhild fått eit nært forhold til Nesflaten og hotellet. I tillegg til at dei har bygd hus i Mokleiv, der far til Gunhild driv gard. Medan Gunhild har kunstbakgrunn er Olav utdanna samfunnsøkonom, begge brenn for arkitektur og natur i øvre Suldal. Olav rosar arbeidsstokken på hotellet som gjer at – Me er heldige som har ein flott gjeng her, som står på. Me hadde ikkje klart det utan dei.

– I tillegg så har me eit godt nettverk og samarbeid med andre lokalt her, det er viktig for å skape ein god destinasjon. Me blir meir attraktive når me kan samarbeide.

I dag er det 12 tilsette på hotellet, og i 2020 omsette hotellet for om lag 9,4 millionar kroner. For å kunne utvikle seg og halde oppe veksten er hotellet avhengig av god rekruttering. Vertskapet på Energihotellet er stadig på jakt etter fagutdanna arbeidstakarar, noko som ikkje alltid er like enkelt. Nett no er dei på jakt etter tre nye fast tilsette, og har alltid plass til fleire lærlingar.

– Rekruttering er veldig viktig, og eg trur det er eit samansett bilete som gjer at me har færre søkjarar på landsbygda. Det handlar ikkje berre om lønn, me må vise fram kva verdiar me har her oppe, og kor godt arbeidsmiljøet vårt er.

– Me må vise at dette og er ein god stad å bu, og slå seg ned, seier Olav.

Artikkelen er ein del av bedriftsprofil serien vår der me set fokus på målbedrifter knytt til Suldal Vekst under Næringshageprogrammet. Saka er utvikla av Judith Sørhus Litlehamar v/Omega365.

Kontakt

No items found.

Kurs og arrangement

No items found.

Teneste

No items found.
Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.