Heile 16 deltakarar har samla seg gjennom prosjektet “Saudabonden”, der ein i fellesskap skal sjå på moglegheiter for bonden i Sauda i dag og for framtida. Bakgrunnen for satsinga er ei undersøking som blei gjennomført av det Regionale landbrukspartnarskapet i 2022, der ein såg på framtidsutsiktene til bøndene i Rogaland. Deltakarane har ulike driftsformer, men ser alle på moglegheiter for vekst i eksisterande drift og aktuelle tilleggsnæringar.
Gjennom tre samlingar i 2024 skal deltakarane bygge nettverk og felles kompetanse, der ein ser på garden som ressursgrunnlag, landbruksbasert reiseliv og erfaringsutveksling i regionen. Første samling blei gjennomført på Folkets Hus med tema “Garden som ressursgrunnlag” der ein fekk innlegg rundt presisjonslandbruk, skog som ressurs og juletreproduksjon. Det var også ein arena for å knyte nettverk og bli meir kjend. Neste samling blir den 28. august. Mellom samlingane blir det også individuell oppfølging ved Sauda kommune og prosjektleiinga.
Prosjektet er støtta av Rogland fylkeskommune, Sauda næringsutvikling og Sauda kommune. Sauda kommune har danna ei ressursgruppe som er landbruksbasert frå Sauda. Næringshagen i Ryfylke har prosjektleiinga.
Næringshagen i Ryfylke gler seg til samarbeidet med Saudabonden i tida framover.