Mann i prestedrakt
Foto: Ryfylkemuseet

Gjensyn med den historiske Jelsapresten

Gjennom eit tett samarbeid mellom Ryfylkemuseet, lokale eldsjeler, reiseliv og øvrig næring i fjordgrenda Jelsa introduserer ein denne sommaren eit friskt møte med ein velkjend historisk skikkelse.

Utforsk strandstaden med Jelsapresten

Høyrd uttrykket "skriv det på Jelsapresten?" Gjennom konseptet «På tur med Jelsapresten» møter du Jelsapresten i eigen person med prestekrage og -kjole. Her tek han deg med på ei kulturhistorisk vandring mellom den idylliske, kvite trebebyggelsen i det som er den best bevarte strandstaden i Ryfylke. På turen får ein høyre friske og levande historiar frå bygda og personane som budde der – der den mest fargerike av dei kanskje var presten sjølv! Det blir også ein tur innom Jelsa sitt historiske skulehus, som var det første skulehuset i regionen, der Ryfylkemuseet i fjor utvikla nye utstillingar der ein får oppleve skulelivet slik det var på 1800-talet. Her blei barn og ungdom opplært i lesing, skiving og rekning og førebudd til konfirmasjonen og vaksenlivet. Ein stoppar også innom Jelsa kyrkja, frå 1600-talet, med sinesærprega utskjeringar og den handmåla stjernehimmelen i taket.

Kombiner gatevandringa med bobler og brunsj

Reiselivet på Jelsa har vore i sterk utvikling dei siste åra, og ein tur til strandstaden kan kombinerast med besøk til Jelsa Hotell, guida padleturar i Økstrafjorden med Fjord Expedition og Aktiv Fuglestein, søte smakar av Jelsa Jordbær og eit besøk til fruktgarden og gardsutsalet til Fuglestein Fruktgard. I sommarsesongen kunne ein vera med Jelsapresten på tur gjennom kvar helg i juli gjennom ei ny audioguide-løysing. Utover hausten blir denne vidareført, og ein kan få leige audioguidane frå Jelsa Hotell. Ei historisk vandring med Jelsapresten kan difor godt kombinerast med servering på hotellet med panoramautsikt over fjorden.

Gjennom eit samarbeid med Rødne Fjord Cruise kan ein også ta båt frå Stavanger inn til strandstaden den 26. august og 9. september under namnet «På tur med Jelsapresten – bobler og brunsj i den historiske strandstaden» der Jelsapresten vil vente på deg på kaien for å gi deg ei omsyning i strandstaden, før dagen blir avslutta på Jelsa Hotell med lokale bobler og brunsj.

Lokal involvering for god utvikling av Jelsa

Arbeidet med å gi ny liv til Jelsapresten og historia til strandstaden har vore tett knytt til tettstadprosjektet på Jelsa, som er ei ordning Rogaland fylkeskommune har for distrikskommunar. Gjennom ei periode på tre år skal ein her, med utgangspunkt i industriplanane på Berakvam og utfordringar i folketalet, sjå på tilflytting og bli-lyst, variert bustadsstruktur og – utvikling, grøn mobilitet og transportsystem og tilrettelagde turområde og møteplassar, trekkpunkt og aktivitetar.

- «Dei fleste på Jelsa, som i regionen, har eit forhold til Jelsapresten. Ein viktig del av å skape ein god og attraktiv grend å bli og busetja seg i er å ta utgangspunkt i lokal identitet og historie i arbeidet med å skape gode reiselivsopplevingar og konsept som gjer det spanande å koma på besøk, samstundes som det gjer oss stolte over å vera Jelsabuar. Dette meiner me «Påtur med Jelsapresten» er eit godt døme på», seier Maren Landsnes i Næringshagen i Ryfylke, prosjektleiar for Tettstadprosjektet.

 

«Påtur med Jelsapresten» er utvikla av Ryfylkemuseet, i tett samarbeid med Næringshagen i Ryfylke.

Kontakt

No items found.

Kurs og arrangement

No items found.

Teneste

No items found.
Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.