Tenester

Målet til Næringshagen i Ryfylke er å bidra til og leggje til rette for vekst og utvikling i vår region. Som ein næringshage og gjennom andre samarbeid har me nettverk, kompetanse og verktøy til å hjelpe deg som gründer, bedriftsleiar eller initiativtakar til andre satsingar. Her er ei oversikt over våre tenester.

Starte bedrift

Går du med ein ide som kanskje kan bli til eit prosjekt eller ei verksemd? Anten ideen din er stor eller liten, heilt i startfasa eller eit ferdig konsept, høyrer me særs gjerne frå deg.
Les meir om tenesten »

Realisere mitt prosjekt

Går du med ideen til eit prosjekt som du ønskjer å realisere eller kanskje du treng litt hjelp til organiseringa? Me heier på det du ønskjer å skape, og involverer oss som prosjektleiarar, administratorar og i prosjektgrupper for satsingar innanfor ei rekke ulike felt.
Les meir om tenesten »

Utvikle mi bedrift

Er du på eigarsida, i leiinga eller styret i ei bedrift? I Næringshagen i Ryfylke har me kompetanse, nettverk og verktøy som kan hjelpe dykk å vidareutvikle verksemda, auke konkurransekrafta og møte både daglege og meir langsiktige utfordringar på ein god måte.
Les meir om tenesten »

Lokalmat-entreprenørskap

Arbeider du innanfor landbruket, og er i gong med eller ønskjer å utvikle tilleggsnæring? Anten du ser på moglegheiter innanfor gardsturisme, vidareforedling og sal av produkt eller andre satsingar kan me i næringshagen hjelpe deg på veg.
Les meir om tenesten »

Reiseliv og reisemålsutvikling

Er du ei reiselivsbedrift eller kanskje du er involvert i reisemålsutviklinga på din stad på andre måtar? Næringshagen i Ryfylke har fleire oppgåver og prosjekt knytt til reiselivsutviklinga i Suldal og gjennom næringshageprogrammet støttar me opp om nye og eksisterande reiselivsbedrifter. Ta gjerne kontakt med oss om det er noko me kan bidra med inn mot ditt arbeid.
Les meir om tenesten »

Rekruttere til mi bedrift

Manglar du kompetanse inn i di bedrift i dag eller kanskje du ser eit behov for framtida? Me har ei rekke ulike prosjekt der me knyter næringa opp mot framtidas arbeidskraft i samarbeid med ungdomsskular, vidaregåande skular og andre jobbsøkarar. Me høyrer gjerne i frå deg om du ønskjer å ta del i dette.
Les meir om tenesten »

Tidleg karriere

Er du interessert i å lære meir om korleis du får deg jobb i vår region, eller kanskje korleis du skriv best mogleg søknad og korleis du førebur deg til jobbintervju? Eller vil vite meir om kva arbeidsmoglegheiter som finst i vår region i dag eller for framtida? Me har ulike prosjekt, verkemiddel og tenester som kan hjelpe deg på vegen!
Les meir om tenesten »
Design og utvikling: Omega 365 Design
Ved å klikke «Godta» aksepterer du lagring av cookies/informasjonskapslar. Cookies blir brukt til å utbetre side navigering, og samle brukarstatistikk for nettsida for å utbetre innhald og brukaroppleving. Du kan sjølv administrere kva du samtykker til ved å klikke på Preferansar. Les vår Personvernerklæring for meir informasjon.