Personar som samarbeider i workshop
Næringshagen i Ryfylke. Foto: Jan Nordtveit

Prosjektleiing

Går du med ideen til eit prosjekt som du ønskjer å realisere eller kanskje du treng litt hjelp til organiseringa? Me heier på det du ønskjer å skape, og involverer oss som prosjektleiarar, administratorar og i prosjektgrupper for satsingar innanfor ei rekke ulike felt.

Kanskje du ønskjer å utvikle eit nytt arrangement eller treng litt hjelp til å halde i alle trådane? Har du ideen til eit nytt samarbeidsprosjekt eller eit nytt konsept som kan koma fleire til gode? Eller kanskje tida rett og slett ikkje strekk til slik at de ikkje får gjennomført planlagte satsingar? Sidan oppstarten av selskapet har Næringshagen i Ryfylke vore involvert i ei rekke ulike prosjekt med hovudfokus på næringsliv, reiseliv, rekruttering og tettstadsutvikling.

I Næringshagen i Ryfylke har me trua på at samarbeid er nøkkelen til å lukkast med satsingar og utvikling i distrikta. Gjennom vårt daglege arbeid med bedriftsutvikling, rekruttering, reiselivsutvikling og tettstadsutvikling lokalt, regionalt og nasjonalt har me eit breitt nettverk og tett dialog med relevante samarbeidspartnarar som me kan ta i bruk i ditt prosjekt for å sikre best mogleg resultat.

Våre tilsette sin varierte og breie bakgrunn er også ein styrkje inn i våre prosjekt, slik at me kan kople deg opp mot ein personen som har den kompetansen du er ute etter.

Ta kontakt for teneste

Teamet vårt

Alf Aadnøy
Alf Aadnøy
Forretningsutviklar / Prosjektleiar
alf@suldalvekst.no
905 66 358
Portrettbilde
Marit Larsen
Prosjektleiar / Forretningsutviklar
marit@suldalvekst.no
906 84 861
Portrettbilde
Laila Steine
Dagleg leiar / Forretningsutviklar
laila@suldalvekst.no
977 75 757
Portrettbilde
Maren Landsnes
Prosjektkoordinator - turistkontor, tettstad- og aktivitetsutvikling
maren@suldalvekst.no
472 34 541
Portrettbilde
Anita Svendheim
Prosjektleiar - reiseliv og kommunikasjon
anita@suldalvekst.no
924 44 948

Verkemiddel

Aktuelt

No items found.

Prosjekt

Kurs og arrangement

No items found.

Andre tenester

Design og utvikling: Omega 365 Design